På stitur i dag, skrudde purion-displayed seg av nokon gonger, både ved bortoversykling og nedoversykling. Etter kvart skrudde det seg oftare og oftare av, til det anten ikkje lot seg skru på, eller var på i eit kort blink, før det skrudde seg av. Då det skrudde seg av, kopla også motor ut.
Batteria (2x cr 2016) viser god spenning på ca 3,3V. Ingen feilmelding for øvrig som eg kunne sjå. Aldri hatt noko tull tidlegare.
Nokon med tips til kva som kan vere galt, eventuelt feilsøkingsrekkefølge?
Eg synes det "luktar" dårleg kontakt ein eller annan stad.. 🤷