Vemod Zachariassen Posted December 15, 2023 Share Posted December 15, 2023 (edited) Gjennom hausten og tidlegvinteren har det dukka opp ekkel gnauring i bakhjulet når eg syklar på lette gir. Sykkelen er ein Surly Bridge Club med Novatec-nav og Shimano Deore 11–51-kassett. Eg har vanskeleg for å sjå for meg at det er lageret i navet som er årsak til problemet. Da ville eg vel ha høyrd same lyd på alle gir, men nei, dette er noko som berre skjer på dei fire–fem lettaste gira. Så tenkte eg at det måtte vera bosset. Kanskje førte annan vinkel på kjeda til meir friksjon mellom kassetten og bosset? Eg har tatt av kassetten, reingjort og feitta opp. Eg har også feitta opp hurtigkoblinga. Lyden er der enno. Kan forklaringa vera at lyden kjem frå sjølve kassetten – at det er samanføyinga mellom tannhjul og kassettstamme som knirkar? Edited December 15, 2023 by VemodZachariassen Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Plankepetter Posted December 15, 2023 Share Posted December 15, 2023 Bøyd girøre, som gjør at giret ikke er riktig justert på de letteste girene? Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Vemod Zachariassen Posted December 15, 2023 Author Share Posted December 15, 2023 (edited) Jo, det kunne ha vore ei forklaring, men eg er ganske sikker på at det er noko anna. Har vore borti mange skeive girøyre, men det har aldri vore årsak til ulydar som desse. Sykkelen girar også heilt fint. Edited December 15, 2023 by VemodZachariassen Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Plankepetter Posted December 16, 2023 Share Posted December 16, 2023 Riktig justert b-skrue? Hvis giret er for nær kassetten vil det nok bråke. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Vemod Zachariassen Posted December 19, 2023 Author Share Posted December 19, 2023 (edited) Feiljustert b-skrue fører til rasping. Dette er soleklart gnauring. Trur eg har funne fasiten: Det er faktisk kassetten. Ein ørliten dusj WD-40 på naglane som festar tannhjula til kassettstammen, har redusert spetakkelet ganske dramatisk. Edited December 19, 2023 by VemodZachariassen Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
perbl Posted December 19, 2023 Share Posted December 19, 2023 Innser jeg mangler enkelte orddefinisjoner i mitt personlige vokabular. Også fornøyd med å se at denne tråden er treff nummer tre når man googler etter gnauring. 1 Quote Sykkel.org for entusiaster på alle slags underlag og med alle slags styreformer. Vær noenlunde grei: https://www.sykkel.org/guidelines/ Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.