Gå til innhold

Vemod Zachariassen

Medlem
  • Innlegg

    77
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Vemod Zachariassen

  1. På sommaren og for den som ikkje er redd for sukkeret, kan jo gode gamle φραπέ vera eit alternativ? Gjer som ekte grekarar: Rist pulverkaffi og sukker saman med litt vatn i ei gammal brusflaske. Fyll etter med kaldvatn.
  2. Du bør nok ha papirfilter. V60 er praktisk til éinmannstrakting. Chemex filtrerer best og kan i mange tilfelle også gi det smaksmessig beste resultatet.
  3. Vemod Zachariassen

    Sykkelvekt

    oppoverbakke
  4. Er du sikker på at du bruker sko som er store nok? Dersom du har valgus i forfoten, kan det i enkelte tilfelle føra til at du umedvite overfører meir trykk til utsida av fotbladet. Mi erfaring er at sko som er for stive, kan vera meir problematiske i så måte. Specialized bruker vel kile i forfoten, så eg reknar med at akkurat den biten er varetatt. Generelt sett har eg trua på pedalkloss langt bak. Vanskeleg å analysera dette over internett. Du kan jo også gjera som eg har gjort: velja plattformpedalar til all slags sykling.
  5. Dekka i Marathon-serien til Schwalbe er svært solide, men dei er ikkje spesielt komfortable eller raske. Unntaket er Almotion. Ikkje best på komfort, men både raske og solide. Dersom du prioriterer komfort og ikkje vil ha slangelaust oppsett, kan du med fordel ta ein titt på Panaracer Pasela.
  6. GRX 46/30-krank? Veit ikkje om kjedelinja medfører at du også må skifta ut framgiret. Elles finst det ein del fjonge krankar til 11-delt system. Til dømes Sugino OX2-901D eller White Industries VBC.
  7. Setet ditt står for høgt.
  8. https://www.utedepot.no/ortlieb/or-f5254/ortlieb-back-roller-xlpro-plus-salsa-dark-chili-2x35-l-ql21 Her er dei i par. Eg kjøpte berre éi, frå Sykkelsentralen i Trondheim.
  9. Tynne merinosokkkar frå Icebreaker. På ein langtur eg gjennomførte for nokre år sidan, brukte eg same paret ca. to månader i strekk.
  10. Blant tradisjonelle sidevesker er vel Ortlieb sine det mest opplagte valet. Her i heimen har vi fleire av dei, inkludert ei på 35 liter.
  11. Korleis ser festemekanismen på den veska ut, @Sun Flyer?
  12. Malvikmarka er jo fin. Har ikkje sykla der enno i år, men vanlegvis synest eg det er eit område som gir meg mykje turoppleving per distanse. Jonsvatnet–Kuset–Hønstad–Jervskogen er ein god start.
  13. Klassiske terrengsyklar, derimot, var også eigna til lange turar på blanda underlag. I mitt neste liv, når eg skal på jordomsykling, blir det på ein sånn ein.
  14. Hehe! Ja, why not. Eg leverer gjerne.
  15. PD-A600 er ein fantastisk pedal, men eg bruker ikkje klikk lenger. Godsykkelen har plattformpedalar frå Burgtec.
  16. same modell som den torhovland har dokumentert i ein tråd her på forumet 150 kr inkl. levering i Trondheim
  17. Ja, eg bestilte jo ein sånn voksvarmar som @torhovland har dokumentert så fint for oss. I mellomtida har eg innsett at metoden til @LarsB i enkelte tilfelle (typisk ved voksing av fleire kjeder samtidig) fungerer vel så godt for meg. Dermed er eg usikker på om eg kjem til å ta denne voksvarmaren eg har fått, i bruk. Men eg orkar ikkje styret med retur og sånt. Rop ut om det er nokon vil overta dingsen til ein billig penge! Termostaten går opp til 135 ºC, så i prinsippet skal dette vera kompatibelt med Silca sine strip chips. Gratis levering i Trondheim.
  18. Har faktisk ei sånn Cricket Bell som eg ikkje bruker. Går til ein billig penge dersom nokon er interessert.
  19. Eg er medlem og ønskjer at enda fleire blir det. I morgon er det årmøte i lokallaget i Trondheim, og hadde det ikkje vore for at eg har noko anna på programmet, skulle eg ha vore der og engasjert meg litt. Synest foreininga gjer ein god jobb, men det betyr sjølvsagt ikkje at alt dei gjer, er like målretta eller slagkraftig. Fleire medlemmer vil vera positivt både med tanke på gjennomslag og kompetanse.
  20. Oppdatering: Når eg ser korleis slitasjen på kjeda som har stått på sykkelen til kona, har utvikla seg, må eg vedgå at eg har vorte meir skeptisk til Wolftooth WT-1. Mykje kan tyda på at konklusjonen til ZFC står seg. Ja, WT-1 er utruleg grei å ha med å gjera gjennom vinteren: Kjeda rustar ikkje, og eit drag med kluten i ny og ne held henne visuelt pen. Stikkordet er «visuelt». Måling og demontering avslører to ting: 1) relativt skuffande levetid og 2) store mengder møkk på innsida. Dei påstått «sjølvreinskande» eigenskapane er altså ein bløff – som ZFC også poengterer. Levetida har ikkje vore direkte kort, men dette er dårlegare enn eg venta basert på kor bekymringsfritt smøremiddelet elles har vore.
  21. Det er freistande å gi respons i form av det gamle motspørsmålet om kor langt eit tau er. Men om eg skal svara med litt alvor, vil eg seia at det er mindre problematisk å ha pause frå sykkeltrening enn pause frå løping. Det er lurt å springa relativt ofte. Eg trur alle syklistar har godt av løping minst ein gong i veka. For den som ser på seg sjølv som løpar eller har ambisjonar om skikkeleg distanse eller fart, er dette sjølvsagt altfor lite. Ryktet vil ha det til at Steve Larsen vann IM Lake Placid med berre éi løpeøkt i veka. Oppskrifta var visstnok å gjennomføra denne eine løpeøkta i form av monsterharde intervall på bane. Han karra seg også inn til 9.-plass på Hawaii med same treningsregime. Det bør leggjast til at fyren var eit uvêr på sykkel i utgangspunktet, og eg trur ikkje at opplegget hans er spesielt overførbart til mosjonistar flest. Når eg får neste livskrise og skal delta på ironmankonkurransar igjen, kjem eg til å springa ca. annakvar dag. Mengde og intensitet tar ein på sykkel.
  22. Mi første kjede med Molten Speed Wax er no montert. I og med at ventar på den voksvarmaren @torhovland fekk meg til å bestilla, brukte eg @LarsB sin metode, og det funka som snus, det òg. Etter mange år med dryppvoks (Squirt og Flowerpower) må eg nesten seia at dette er enda enklare. For å oppnå god nok penetrasjon har eg uansett brukt å påføra første omgang på sous vide-måten. Mindre gris med voks som er hard ved romtemperatur.
  23. Skitt au. Det vart same voksvarmar på meg òg. Grugleder meg til å henta pakke frå Fashiongirl.no. Takk for tips og brukarerfaringar!
×
×
  • Opprett ny...