Jump to content

Hellenic Mountain Race


Recommended Posts

Om du syntes det var artig å følge medAtlas Mountain Race skal du vite at det andre av Nelson Trees sine tre ritt, Hellenic Mountain Race, starta for ein time sidan, med 71 knalltøffe deltakarar.

Dette rittet er kortare enn dei andre to, med "berre" 900 km, men der Atlas kunne by på 16 høgdemeter per kilometer, snakkar vi no om 30. Dette er bratt!

Sporing her: https://hmr24.maprogress.com/

Instagram her: https://www.instagram.com/explore/tags/hmr2024

Rigs of Hellenic her: https://bikepacking.com/bikes/2024-hellenic-mountain-race-rigs/

Og, ikkje minst, Allan Shaw er med og skal lage like god podcast som under Atlas. Søk etter "The Mountain Races Podcast".

Om du ikkje veit kven du skal heie på, her er nokre:

  • Maarten Vanhaverbeke vart eg kjent med under Atlas. Utruleg grei fyr som også er sterk. Eg ser for meg han på topp 10.
  • Jakob Hora er den unge protesjéen til legenden Jay Petervary. Dei to sykla Iditarod saman då Jakob var 15 år. I år skal han gjere alle Nelson-ritta på eiga hand.
  • Marin de Saint-Exupéry er gærningen som ikkje berre skal delta på alle 3, men som brukar heile 2024 på å sykle til alle ritta også! I Atlas var han uheldig og måtte bryte allereie opp den fyrste bakken.
  • Leanne Bentley har vore med på Atlas, og eit podcast-intervju med henne var ein del av mine førebuingar. Ho syr bikepacking-veskene sjølv, og har starta firma ut av det.
  • Manu Cattrysse er helten i Scratches-filmen.
  • Jana Mascha Wahlig er kanskje favoritten blant damene, men i følge sporinga har ho ikkje starta 😐

 

image.png.053f0cc901395afcb9e3166f9d3a4119.png

  • Like 4
  • Wow 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...