Gå til innhold

torhovland

Medlem
  • Innlegg

    406
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    29

Alt skrevet av torhovland

  1. Fekk du noko konkret problem med det? Den einaste skilnaden skal vere at 12-delt drev er bittelitt smalare enn det treng å vere til 11-delt kjede, men det skulle ikkje ha noko betydning i praksis.
  2. Aldri vore så motivert for å rette hjul 🙂
  3. Så lenge du ikkje har trøbbel med storeskiva så er det ingen grunn til å byte den.
  4. På ein måte, men om du skal køyre 46-32 framme går det bort 14 tenner i kapasitet. Då har du 17 igjen bak, og det betyr at du ikkje kan bruke noko som er mindre enn 42-17=25, og det er meir enn flesteparten av tannhjula på kassetten. I praksis får du brukt litt meir, for Shimano er litt konservativ på oppgitt kapasitet, men det går bort mykje, ja. Men med nemnte long-cage hack er det ingen problem. Eg kan gjerne modifisere eit sånt bakgir for deg om du ikkje vil gjere det sjølv.
  5. Problemet med dette er at den har berre 31 tenner som total kapasitet, som er det du får når du køyrer 11-42 med 1x. Det er med andre ord ikkje kapasitet nok til å veksle mellom to ulike krankhjul. Men med nemnte hack kan du utvide dette til 47 tenner kapasitet, som altså gjer at du kan ha 16 tenners differanse framme.
  6. Det som eg har gjort på liggesykkelen (der eg treng både høge og låge gir) er å hacke eit GRX-bakgir til å bruke ein XT long cage. Det var veldig enkelt, og gjer altså at du kan køyre GRX med terrengkassett. Meir info her: https://forum.cruzbike.com/threads/wondering-about-the-fastest-while-wide-range-drivetrain.13367/post-183960
  7. Kan sånt som dette bli reparert, eller må dei i søpla?
  8. Ja, veldig flotte scener. Artig med drone! Kor lett er det å gjere kjappe opptak med den utan at dei andre blir utolmodige? Lim gjerne heile URL'en rett inn i posten, så vil forum-softwaren vise videoen direkte.
  9. Ja, det blir talet på loggpunkt, som igjen er avhengig av om smartlogging er av eller på, og dersom på, kor svingete løypa er 🙂 Faktisk ikkje berre kor svingete det er, men:
  10. Om valget står mellom 1030 (Plus) til kr 4999 og 1040 til kr 5799, ta 1040! Men om du kjem over ein brukt 1030 til 2-3000, så blir det ei anna sak.
  11. Ingen grunn til å gå så drastisk til verks 🙂 Sjølv om det kan vere skilnader mellom Shimano og SRAM så er dei på langt nær så store som du har fått inntrykk av her. Vanskeleg å seie kva som eigentleg har skjedd, men du kan kjøpe ny kjede og erstatte det minste drevet (nemnte eg piratkopi? 😄), og mest sannsynleg ha stor glede av det lenge.
  12. Så vidt eg veit opererer ikkje Strava med noko maksgrense for tid eller distanse, det er kun den grensa på 25 MB store filer. Eg skreiv "maksgrensene" i fleirtal lenger oppe, men så vidt eg veit er det kun denne eine.
  13. Det skal halde minst 10 gongar lenger enn det. Kan det vere at du har fått tak i piratkopikjede?
  14. Nei, men eg har testa 820 og 1030. Eg meiner at dersom du brukar kartet eller har begynt å få litt dårleg syn så er 10xx verdt det. I motsatt fall er 8xx heilt fin.
  15. Ja, du bør ha ein sykkelcomputer til sånt som Ultrabirken. Men den treng ikkje nødvendigvis å ha ein god fargeskjerm med detaljert kart, det kan vere ein billig/brukt ein som stort sett berre viser ruta du har lagt inn. Ja, det er kurant nok å legge inn mtbmap på ein Garmin med bra skjerm, men du kan alternativt bruke mtbmap heime til å planlegge ei rute (t.d. i Strava), og så berre ta opp den ruta på computeren. Då har du ikkje behov for så bra kart, og du har heller ikkje behov for å stoppe opp for å studere kartet. Om du går for Garmin eller Wahoo er mindre viktig, det kjem mest an på kva du kjem over på Finn. Men det er fint med ein god skjerm, så om du kjem over ein Garmin 1030 så er det eit godt valg. Om du helst vil bruke telefonen, så går det også. Ikkje for å ha mtbmap oppe heile tida, men for å køyre ein navigasjonsapp som RideWithGPS eller Komoot. Du bør i så fall sjå på QuadLock som festeordning. Men ver obs på at ein telefon med skjermen konstant på slukar batteri.
  16. Det er lett å bli hekta på OpenStreetMap etter den prosessen eg var gjennom i går ettermiddag: Finn ein sti på Norge i bilder. Teikn den inn på OpenStreetMap. Gå tur der. Oppdater stien med meir detaljar om underlag, synlegheit, kor eigna den er for sykling, etc. Alt i løpet av nokre timar. Synd at ikkje mtbmap.no blir oppdatert kvar natt. Den aktuelle stien er her. Og så eit relatert spørsmål. Når eg ser at stien ikkje er eigna for sykling, fordi det er ganske myrete terreng, så er det naturleg å setje class:bicycle:mtb=-1. Men eg må nesten setje ein mtb:scale også, elles vil det jo ikkje visast på kartet at den ikkje er eigna for sykling (EDIT: Jaudå, les vidare). Eg satte mtb:scale=1 fordi stien ikkje er spesielt teknisk, berre myrete. Burde mtb:scale ha vore høgare, fordi myr trass alt er vanskeleg å sykle i? Burde eg la vere å tagge mtb:scale fordi sykling her uansett er irrelevant? Eg likar ikkje den tankegangen, for då går det ikkje an å sjå skilnad på ein sti som er ueigna og ein sti som ingen har sjekka enno. Det hadde vore kult om mtbmap kunne ha vist ein halv-transparent sti når berre class:bicycle:mtb=-1 er satt. Å wow, det er faktisk det som skjer! Sjå her. Då skal eg begynne å berre gjere dette alle plassar der det ikkje er eigna for sykling!
  17. Jau, men eg meinte å få med all informasjon i økta på Strava, inkludert sovinga. Det er naturlegvis for spesielt interesserte, men eg ser ingen grunn til å pause logginga. Eller, eg ser ein grunn. Når du skal sove inne eller annan plass med dårlege GPS-forhold, så kan du få ein del falske kilometer i løpet av natta.
  18. Eg gjer akkurat som foreslått over. Men for backupen si skuld så lagrar eg gjerne etapper ein eller fleire gongar per dag, og lar aktivitetar vere privat som default på Strava. Når eg kjem heim slår eg alt saman til ein publisert aktivitet og slettar backup-etappene. For verkeleg lange turar kan du dulte borti maksgrensene til Strava, så då hender det at eg må bruke gpsbabel for å redusere antall punkt litt. Eg pleier forresten ikkje å pause soving heller. Artig å sjå på pulsen kor lenge du har sove.
  19. Ikkje mykje å utsetje på den ruta der, men han kan med fordel erstatte ein del E6 nord for Oppdal med Orkdalen ned til Orkanger. Enten ved å svinge til venstre ved Berkåk, eller ved å svinge nordover i Sunndalsøra og heller ta seg til Kvanne, Surnadal og Storås. Eller han kan dra endå lenger nord og få med seg Atlanterhavsvegen, og deretter dra via Kyrksæterøra til Trondheim.
  20. Jau, eg antar nok at det hovudsakleg er sånn det heng saman, og det er jo artig. Dessverre er det også sånn at det finst syklistar (sjølvsagt ikkje her på forumet) der ute som ikkje forstår ironien, og som trur det skal vere slik. Men der er det påvirkning frå fleire hald enn denne tråden her, for å seie det sånn.
  21. Eg veit ikkje eingong kva det er meininga eg skal reagere på på det biletet. At han ikkje har svart shorts? At sokkane ikkje er kvite? At han har med ein reserveslange? Fargen på brillane? At han brukar lilleskiva? Alt eg ser er tre som kosar seg ute i sola. EDIT: Å, vent! Er det at han har elektroniske gir?
  22. Har ikkje vore der oppe etter at våren kom, så litt usikker på grusvegane, men det som er nesten sikkert er at dersom det i det heile tatt er snøfritt frå Marka til Rønningen så vil det vere nokså blautt der og neppe optimalt for elhybrid! Du kan jo eventuelt dra opp til Elgsethytta. Den vegen burde vel vere ganske OK no.
  23. Stilpolitiet glimrande oppsummert av Phil Gaimon!
×
×
  • Opprett ny...