Jump to content

Fighting sleepiness at the Paris - Brest - Paris


torhovland

Recommended Posts

Tre døgn med mest mogleg sykling og minst mogleg søvn. Saman med 6000 andre som har klart å kvalifisere seg til dette. Gjennom hundrevis av franske landsbyar og forbi haugevis med folk som står og klappar og heiar både dag og natt. Det er ei heilt fantastisk oppleving som eg kan anbefale til alle som likar å sykle!

Strava her: https://www.strava.com/activities/9708982624

 

  • Like 6
Link to comment
Share on other sites

Er neste utgave i 2027 ? Hvordan kvalifisere seg ? Er det slik at en må gjennomførerøre x antall brevet året før ? førstemann til mølla (sitte på pc og trykk enter senest 30 sek etter startnr er lagt ut ? Ser det er ca 1000 hm pr 10 mil. Mao lettkuppert, men antar noen parti har bra med bakker mens andre er flatere ? lengste klatring ? Sykler man på gps spor ? Hvordan sov/hvilte du (dere..er vel flere her som har sykle dette rittet. Lenge til men står på planen. og er såpass gammel at det vel er 2027 eller aldri.

Link to comment
Share on other sites

Eg skal gjerne svare på alle slags spørsmål du måtte ha.

Neste gong blir 2027, ja. Det går kvart fjerde år.

Kvalifisering er full brevetserie, ikkje året før, men same år. Full serie betyr 200, 300, 400 og 600 km. Alle norske alternativ finn du på https://kalender.randonneurs.no/.

Det er også noko som heiter pre-kvalifisering. Det vil seie at alle som har ein 600+ året før får melde seg på fyrst, deretter 400, og så vidare. I år trur eg det vart plass til alle, men det er lurt å ha ein 200 eller 300 i 2026 for å vere tryggare. Med dette på plass er det ingen stress med å rekke å melde seg på før det blir fullt.

Løypa er lettkupert som du seier, og usedvanleg lik heile vegen. Det er ingen lange eller bratte bakkar, men heller ingen veldig lange flate parti. Høgste punkt er berre 300 og nokre meter. Enkelte synest den er frykteleg kupert, medan andre (han som hadde raskaste tid på London-Edinburgh-London i fjor) klagde over at det vart for flatt!

Du får GPS-spor, men løypa er skilta i kvar einaste rundkøyring, så det går fint utan GPS også.

Når det gjeld søvn har du alle variantar frå å ta inn på hotell til å ikkje sove i det heile tatt. Det vanlegaste er å bruke sovesalane som arrangøren har på alle kontrollane. Det er som regel 60-90 km mellom desse. Då er det typisk å sove 3-4 timar om nettene, og supplere med power naps på dagtid. Sidan vi startar om ettermiddagen køyrer så og seie alle gjennom den fyrste natta.

Link to comment
Share on other sites

Takk, nyttig informasjon. Absolutt aktuelt om helsa er på plass om noen år også. Er dato satt ? Må jo legge inn ferieønske, prøve å få motivert noen bekjente til å bi med også, og  kanskje kombinere med noe ? kanskje storbytur Paris noen dager etter ? 

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...