GÃ¥ til innhold

Demperservice 🤬


Anbefalte innlegg

torhovland skrev (PÃ¥ 31.12.2023 den 18.24):

Korleis gjer folk eigentleg dette med demparservice? Eg pleier å gjere all sykkelmekkinga sjølv, men eg skal innrømme at det ikkje er ofte eg har tatt service på dempegaflane.

Om ein skal følge produsentane sine prosedyrer, så er det ein betydeleg jobb som skal gjerast etter både 50 og 200 timar, og då trengs det i tillegg ein del spesielle skiver, o-ringar, olje, samt lufteverktøy. Eg ville ikkje hatt noko i mot å setje bort dette, så lenge eg kan stole på at:

  • dei som skal gjere jobben veit kva dei gjer
  • at eg ikkje blir utan sykkel i dagesvis
  • at det ikkje kostar ein halv formue kvar gong

I mitt tilfelle blir det i Trondheim. Eg reknar med at både Hank, Brattøra og fleire andre er gode alternativ, men eg høyrer gjerne kva andre sine erfaringar er.

Trondheim Sykkelservice pleier og ha grei leveringstid på slikt, og har i alle fall normalt sett god kvalitet på arbeidet sitt(har også blitt offisielt servicesenter for Rockshox nå)

  • Like 1

Jørgen

RazeFaze @ Terrengsykkelforumet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg spurte Trondheim Sykkelservice, Brattørkaia og Hank Sport, og alle svarte i løpet av ein virkedag. Og alle gav ca. same pris (1800-2000, der to tredjedelar var arbeid). Eg valde Trondheim Sykkelservice fordi dei var kjappast til å svare, dei er nærast, og pga. tipset over. Dei trengte ein full dag på å gjere jobben, dvs. eg fekk ferdigmelding fem minutt før stengetid neste dag. Det var greit nok.

Eg henta sykkelen i dag, og det er ingen tvil om at dei veit kva dei gjer. I tillegg til å fikse dempegaffelen hadde dei skifta boltane på bremsekalipperen, fordi dei mangla koniske skiver, og dei diskuterte også bremsene med meg sidan dei hadde observert litt lekkasje eller svetting. Dei sa at Tektro gjerne er meir driftssikre enn Shimano, spesielt til vinterbruk. Interessant! Dei var generelt interessert i bikepacking-sykkelen med dei nye dynamohjula, etc., og hyggelege å prate med.

Så dette synest eg var verdt å setje bort. Så skal eg heller ta smøreservice sjølv neste gong.

  • Like 6
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn pÃ¥ siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...