Jump to content

Favero Assioma Pro MX effektpedalar for terreng


Recommended Posts

Eg har eit elsk/hat-forhold til Favero. På den eine sida har eg hatt to stykk Assioma Uno som begge har slutta å fungere ordentleg, bekrefta av telemetrien til Favero.

På den andre sida er pedalar den einaste praktiske måten å flytte effektmålar mellom ulike syklar, spesielt om du skal ha dobbelsidig effektmåling, og Favero er dei som kjem best ut på funksjon og pris.

Eg køyrde MTB-hacket på mine, og kunne altså bruke dei same pedalane på alle syklane mine 😀

I dag brukar eg ein 4iiii Precision Pro enkeltsidig krankarmmålar, og no viser denne seg også å vere upresis.

Eg ynskjer meg nye pedalar. Dei må vere dobbeltsidige. Ikkje fordi det i seg sjølv er så viktig, men fordi det er ein perfekt måte å oppdage om (når) den eine pedalen tek til å oppføre seg rart. Og eg vil ha terrengpedalar, utan at eg må hacke det til sjølv. Og no skjer det! Favero lanserer det endeleg:

Favero Assioma Pro MX

Dessverre inntil vidare kun tilgjengeleg i Italia i ein prøveperiode. Eg var så ivrig at eg allierte meg med ein italiensk ven, og bestilte i hans namn. Men den gjekk dei sanneleg ikkje på, gitt:

"I would like to remind you that the pre-series version of Assioma PRO MX cannot be purchased from abroad, but within Italy only. Assioma PRO MX will be available worldwide very soon - please follow us on our social networks to stay updated. For the reason above your order has been canceled and the refund has been issued."

Så det er vel berre å vere litt tolmodig. Kanskje like greit, så eg får 5 års reklamasjonsrett etter norsk lov. Den har eg allereie fått bruk for.

Link to comment
Share on other sites

  • 4 weeks later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...